page view image

Obsidian turné 2022

Arrangementsinformasjon
event image

Den siste konserten av årets turné for ny kunstmusikk for lokale scener, blir i Bergen.

På programmet står 6 verk av til saman 5 vestnorske komponistar.
Musikken rommar utforsking av klangar og stemningar, og refleksjon over tidsaktuelle problemstillingar, alt saman framført av særs dyktige musikarar!


ENSEMBLET
Marita Elise Holme, klarinett
Roger Andreas Holme, saksofon
Craig Farr, perkusjon
SooHyun April Jang, fiolin
Ingrid Eriksen, bratsj
Matias Monsen, cello


KOMPONISTANE
Tor-Erik Hellesen (1979) er komponist og musikar frå Florø, busett i Bergen. Musikken hans søker det vakre, gøymd i eit landskap av motstand og ubehag. Den opnar for ein annleis måte å oppleve tid på, og gjev oss ei kjensle av vektløyse.

Kathrine Bauck (1982) er komponist og kulturarbeidar frå Bergen. Bauck ynskjer å invitere lyttaren inn i eit univers prega av undring og refleksjon. Ho hentar inspirasjon frå alt frå fysiske lover og dagsaktuelle problemstillingar til sanseinntrykk og kjensler.

Craig Farr (1975) er komponist og perkusjonist, oppvaksen i England, busett i Bergen. Han hentar gjerne element frå fleire forskjellige sjangrar og blandar dei inn i komposisjonane sine. Leik med kontrastar; mellom det kaotiske og det rytmiske, mellom “stygge” og vakre lydar, kjenneteiknar Farr sin musikk.

Kristin Bolstad er komponist, vokalist og musikar med ei sterk fascinasjon for ulike lydar og korleis lyd oppfører seg i rom. Visuelle element, utforsking av akustikk og psykoakustiske fenomen, samt innslag av performance kjenneteiknar musikken hennar.

Svein Henrik Giske (f. 1973) er komponist og musikar frå Ålesund og har jobba i Sjøforsvarets Musikkorps sidan 1996. Giske jobbar også i mange sjangrar og ensembletypar som trompetist og dirigent, og han er høgt etterspurt blant profesjonelle korps og brassband både i Norge, Storbritannia og på kontinentet.


Turnéen er støtta av Kulturrådet, Morten Eide Pedersen minnefond, Bergen kommune, Folkeakademiet Hordaland og Komponistforeningen. 

Se mindre

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert